27. des. 2007

Folk e' løgne

Folk e' løgne, synes Tanja. Ho har hatt ei forunderleg oppleving i jula.. Det starta ganske kjekt eigentleg, då Knut, som er far til hundeeigar Bente, tok Tanja i band og gav seg til å springa innetter vegen, ganske langt. - Merkeleg at eg må vera i band og han kan springa uten, tenkte Tanja som måtte kutta ut all lukting og snusing. Ganske frustrerande eigentleg, men det var jo godt å frå strekkja litt skikkeleg på beina, så turen var samla sett positiv.

Men då dei kom heim skjedde det noko løye. Knut la seg ned på golvet, på alle fire, trur han at han er ein hund? Løftar på ein fram- og ein bakfot. Ho hadde jo sett dette med bakfotløfting før, men med to føter på ein gong. Eg må passa på, tenkte Tanja.

Så snudde han seg, tok framføtene bakom hovudet og løfta det opp. Då merka Tanja at han var våt og salt i nakken. Det var godt å smaka på, kanskje han likar at eg vaskar han litt, tenkte ho.

Så var han visst ferdig med desse underlege faktene og han la seg flat på golvet. - Han fortener at eg steller godt med han, han er snill med meg, det er ingen som spring så lange turar med meg som han, han fortener litt kos og det ser ut for at han likar meg...... tenkte Tanja.
.... og det beste av alt, Knut forsto at Tanja også måtte få slapa av og få litt kos etter ein lang tur, kanskje ikkje folk er så løgne likevel....

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei lille Tanja!

Har du vert på løpetur med pappen?

Så koseligt da =)


Og så fint at du vasker av han all svetten =)

stooor klem fra matmor =)