28. des. 2007

Julestemning i prestegarden

Julebordet er dekka i ei nymalt stove. Juletreet kjem frå Skår dette året også. Kvart år når vi hentar seier vi "det vert visst siste året vi finn tre her, neste år må vi sikkert kjøpa.." Men så finn vi... det er mest som eit lite under kvart år....

To vakre damer, Bente og Tanja varmar seg ved peisen. Det var litt vanskelegare enn vanleg å halda varmen i prestegarden i år pga arbeidet utanfor ved verandaen. Kanskje var det godt at Eirin ikkje var her i år.... du måtte nok fått eit par ekstra pledd til å pakka deg inn i Eirin!
Sjølvsagt sakna vi Kaja, Eirin og Kjartan, men vi hadde god kontakt på Skypen. Her ser de dei, både på data og TV - fatastisk teknikk!! Det er kjekt med denne kontakten, vi sang til og med julesong saman med Kaja på julaftan, og som bloggen deira fortel så hadde dei ein fin julekveld. Her er det tante Ingvild og Thorbjørn som kosar seg.
Kjekt å ha Thorbjørn og Bente heime. Thorbjørn fekk seg iPod og han lasta ned mykje musikk til ein lang Thailandtur. Her er han i full konsentrasjon.
No er alle reist, slik er livet.... men i kveld kjem Eldbjørg og Toralf på Scrabble-kveld og det er slett ikkje verst det heller.

1 kommentar:

Anonym sa...

Så kjekt å sjå julestovene dykkar!! Og no gler me oss til de kjem til oss og ser våre stover!
Åshild