4. mai 2008

Hei Kaja

No er det lenge sidan bestemor har skrive til deg, men i dag vil eg gjera det. Eg fekk lyst å fortelja om ein flott tur eg har hatt i dag saman med mange andre her på Sandnes, mange vaksne og mange gutar og jenter. På veien opp til Torsteinhytta gjekk eg saman med ein koseleg gutt som heiter Sondre, og som er fem år. Han hadde så mykje han ville visa bestemor, og mykje han ville fortelja. Bestemor tenkte at han var nesten slik som du, for du og har masse du kan fortelja når vi er på tur. Sondre viste bestemor maurane og han visste at det var noko som heiter hestemaur og noko som heiter pissemaur. Pappen hans som heiter Atle, og som din pappa kjenner, han laga flott seljefløyte til Sondre og søstera hans som heiter Stina. Då vi kom fram til Torsteinhytta hadde nokon laga til bål på grua og vi kunne laga oss middag. Bestemor hadde karbonader og salat. Bestefar kom litt seinare for han hadde gudsteneste med konfirmasjon på Frøyset først. Bestefar fekk også karbonader og salat. Til slutt fekk vi pannekaker, ein mann som heiter Roald hadde pannekakerøre på ei stor flaske og steikepanne med seg, og så fekk alle smaka pannekaker. På bilde er det ein mann som heiter Svein som lagar pannekaker.

Det hadde vore koseleg om du hadde vore med i dag, kanskje hadde du blitt litt trøytt i føtene dine for det var litt langt, men bestemor håpar du kan bli med oss på Torsteinshytta ein gong!
Så må du ha det fint, hels mamma og pappa og alle venene dine

Ingen kommentarer: