1. mai 2007

Kusymredagen

Ein viktig dag for jenter med gode minner frå Skår, er dagen når vi med "livet som innsats" kjem oss ned i "Sjøtødna" for å finna kusymra. I år var dagen på 1. mai, og Ingebjørg og hennar to tilårskomne tanter gjekk i strålande sol, forventningsfulle til verket. Det går ikkje an på ein blogg å skildra turen, og mengda, og plasseringa Skaparen har gjeve desse vakre velduftande blomane, men eg veit at det er lesarar av denne bloggen som ser det for seg, og det er særleg dei som skal gle seg over desse bileta.
Ingebjørg plukka og fryda seg. Kjenn lukta, tante Kari- høyr bølgene - så koselig - sjå her ! - dette er stemning! Tante Kari kraup på alle fire, og visste ikkje heilt kva som gledde henne mest, men det var mykje- det var " ei glad lita stund".....

Når kusumaren hadde blitt bunta i fine buntar gjorde vi som vi har gjort nesten kvart år dei siste 18, vi reiste til kyrkja og grava til far og bestefar med ein bukett. Men i år hadde vi med oss ein bukett til, ein til mor og bestemor. Ho som i alle år har fryda seg over kusumaren med oss, fekk for første gong buketten sin på grava. Det kjentes vemodig, men kanskje litt fint likevel.


1 kommentar:

Anonym sa...

Kjære Kari!
Tusen takk for den flotte kusymre-dagen du let oss få del i. Ja, det er heilt sant- eg ser det levande for meg, og kjenner stega ned til berghylla vår! Så kjekt at Ingebjørg fekk vere med deg, og at ho får kjenne noko av den same gleda som me har kjent over denne plassen i alle år! Og takk for bukettane de tok med på gravene! Godt å tenkje på!